Dokking nr. 500

Måndag 08. mars blei offshorefartøyet Normand Arctic dokka inn ved Myklebust Verft. Dette var nr. 500 sidan første dokking blei gjennomført i 1995.

 
Frå venstre: I dokka står Rem Hrist klar for å vende tilbake til teneste og neste fartøy og dokking nr. 500 - Normand Arctic - ligg klar ved piren. Vidare ser vi bygg 75 - brønnbåten Ronja Vest under utrusting og bak skimtar vi seismikkfartøyet Sanc…

Frå venstre: I dokka står Rem Hrist klar for å vende tilbake til teneste og neste fartøy og dokking nr. 500 - Normand Arctic - ligg klar ved piren. Vidare ser vi bygg 75 - brønnbåten Ronja Vest under utrusting og bak skimtar vi seismikkfartøyet Sanco Spirit.

Dokk-gjengen stiller seint og tidleg - og markering med kake når milepålar vert nådd er sjølvsagt eit populært innslag. Det blei også «firt» om bord ei kake til mannskapet på Normand Arctic. Dokkinga gjekk fint og om ei vekes tid er det venta at oppdraget med fartøyet er vel gjennomført slik at det kan sette kursen nordover leia mot Hammerfest. Den av våre tilsette som truleg har vore med på flest dokkingar er Kjell-Arne Strømsnes. Han fekk æra av å få første kakestykket.

Som kjent fekk vi ny dokk i 2012 og denne står for 166 av dei hittil 500. Dersom vi tel inn- og utdokking blir sjølvsagt talet på operasjonar 1000. Altså har dokka i snitt vore senka og heva bortimot ein gong kvar arbeidsveke sidan 1995.