Christine ny fagarbeidar

Ståle Refsnes saman med Christina Vågen.

Ståle Refsnes saman med Christina Vågen.

Nyleg gjekk Christine Vågen opp til fagprøve i logistikkfaget. Ho har gått den praktiske vegen der det er krav om fem års relevant praksis. I tillegg må ein teori-eksamen gjennomførast. – Det var godt å kome i mål med fagbrevet, seier Christine. Det har vore ei veldig lærerik tid og fagbrevet gjev også mulegheiter om eg vil utdanne meg meir seinare.

 

HMS viktig også i dette faget

Helse, miljø og sikkerheit er viktige tema som inngår i logistikkfaget, fortel Christine vidare. Vi jobbar med mykje verdifullt utstyr og all sikkerheit knytt til dette arbeidet er viktig. Først og fremst for å unnga skadar på personell. Men, mykje av utstyret er kostbare og kritiske komponentar som heller ikkje lett kan erstattast på kort tid.

Utover lasting og lossing skal ein som fagarbeider kunne sette opp og organisere eit lager. Ein må kunne ordne med forsendingar til inn- og utland. Ein god del av arbeidet skjer digitalt gjennom ulike datasystem. Her bestiller vi transport og ordnar med fraktbrev. Og så har vi vårt eige interne ordre- og dokumentstyringssystem der alt blir registrert. Alle varer og komponentar får sin lokasjon på verftet og alt av dokumentasjon og informasjon er tilgjengeleg frå til dømes arbeidsleiarane sine datamaskiner. Målet er at alt av pallar og komponentar skal vere tydeleg merka. – Sensorane som var her la merke til at vi hadde utvikla oss positivt sidan sist dei var her, fortel ho.

 

Hektiske dagar

Christine trivast godt i jobben sin og likar å organisere og halde orden i varer og dokumentasjon. – Akkurat no er det mykje logistikk rundt AKOFS Seafarer og andre ettermarknadsprosjekt. Stadig er her båtar som kjem til verftet og spesielt ved avgang er det viktig at vi har god dialog med mannskapet for å avklare kva utstyr som skal vere med og kva vi skal returnere. Vi har også mykje kontakt med arbeidsleiarane og andre tilsette gjennom hektiske dagar.

 

Viktig å møte folk med eit smil

- Her på Myklebust har vi som jobbar med varemottak kontorplassar i vaktbuda. Det betyr at vi er dei første som møter alle som kjem til verftet. Vi har også ansvaret for å utføre ein del av HMS-opplæringa og at alle som skal inn blir registrert i adgangskontrollsystemet. Vi ønskjer å møte folk med eit smil og gjere det vi kan for at dei kjem fram dit dei skal inne på verftsområdet. Eg gled meg til å gå på jobb og gjere mitt bidrag med at arbeidet med prosjekta går godt. – Eg vil gje litt ekstra og vere med på å gje eit godt inntrykk av Myklebust, avsluttar Christina.

Vi gratulerer med vel bestått - og det sjette fagbrevet så langt i 2019 for Myklebust-tilsette.  

DagleglivGuest User2019