Kjølstrekk på Hat-San
Sentrale personar i Sølvtrans-prosjektet framfor første seksjon på bedding: Inspektør Inge Tjervåg, prosjektleiar Tor Inge Nordmo, prosjektleiar Günay Yildiz (Hat-San), inspektør Piotr Litwinowicz og verftssjef Murat Cakmak (Hat-San).
Ein ny, viktig milepæl blei nådd når første seksjonen til bygg 75 for Sølvtrans blei sett på bedding som planlagt torsdag 14. november 2019.
Produksjonen har no kome godt i gang og det blir spennande å følgje byggeprosessen steg for steg fram til levering.
Ein viktig merkedag også for dei tilsette på Hat-San. Med temperatur på 20+ så er det også gode tilhøve for skipsbyggarane.
Hat-San er som Myklebust eit kombinasjonsverft. Dei driv både med ny-bygg, skrog og ettermarknadsprosjekt. Dei har også bygt fleire flytedokker.