Myklebust tek i bruk undervass-drone
Produksjonsleiar Tom Inge Pettersen Gotten navigerer, assistert av maskinarbeidar Kjetil Andre Brudevoll.
- Undervass-drona er eit imponerande hendigt verktøy for oss i samband med enkle inspeksjonar av fartøy langs kai og ikkje minst når vi utfører dokkingar, seier produksjonsleiar Tom Inge Pettersen Gotten.
Den enkle farkosten har ei rekkevidde på om lag 100 meter og fungerer også rimeleg godt sjølv om det er mørkt. Myklebust leiger ofte assistanse frå dykkerselskap. Men, ved nokre tilhøve er det hendigt å ha rask tilgang til ei drone som kan dykke ned og vere “auge” under vatn. Det er ikkje så mange veker sidan drona blei kjøpt inn, men den har allereie gjort god nytte for seg, avsluttar Tom Inge.
Eit fartøy på veg inn i dokka
Drona på veg for å inspisere
Auge under vatn
Nærbilete av pute under skroget