Nytt Sølvtrans-skrog på veg til Myklebust

Skroget til bygg 76 har forlate Hat-San i Tyrkia og er venta å kome til Gursken rundt midten av juli månad. Dermed ventar mykje godt arbeid for våre tilsette og alle våre samarbeidspartnarar utover hausten.

 
bygg76-myklebust-verft.jpg
 

Skroget er søsterskip til bygg 75 og designet er basert på Kongsberg NVC 389. Lastekapasiteten på desse brønnbåtane er på 4000 m³. På Hat-San kan ein no sjå det tredje skroget av same design ta form (bygg 77). I stålhallane er elles bygginga av det fjerde skroget i full sving og kjølstrekk er venta om kort tid. Dette blir vårt bygg nr. 78 og vil vere basert på eit nytt design der mellom anna lastekapasiteten er auka til 5000 m³. Utviklinga av dette prosjektet har skjedd i nært samarbeid mellom Sølvtrans, Kongsberg og Myklebust og har beskrivinga Kongsberg NVC 390 LFC.

 
ronja-nearoysund.jpg