Utmerkingar til tilsette
Myklebust sitt julebord gjekk av stabelen fredag 9. desember 2022 på Thon Hotel Fosnavåg. I forbindelse med arrangementet vart det gitt utmerkingar til fleire av dei tilsette som har jobba på verftet gjennom ei årrekke.
Ove Paul Olsen starta på utrustning i november for 40 år sidan og har vært arbeidsleiar på verftet gjennom fleire år. I tillegg har han vore både verneombod og klubbleiar i ei årrekke. Olsen har med sitt engasjement vært ein god og viktig talsmann for både tilsette og verft gjennom mange år.
Ståle Refsnes og Øyvind Sandvik fekk begge utmerking for 25 års teneste. Ståle starta si karriere på lager/varemottak og er i dag arbeidsleiar for kran, transport, rep og reinhald, med ansvar for anlegget. Dei siste åra har Refsnes i tillegg vore klubbleiar i FLT. Ståle er kjent blant dei andre tilsette som ein ja-person. Øyvind Sandvik starta i si tid på røravdelinga og har de siste årene jobba både som prosjektleiar og assisterande prosjektleiar. Han er kjent for å være nøyaktig og nøysom i arbeidet sitt.
I 2002 – for 20 år sidan – kom Wieslaw Antoniak og Jacek Kwiatkowski til Norge og vart blant dei første frå Polen som ble fast tilsett hjå Myklebust. Begge starta å arbeide på røravdelinga, der Wieslaw har jobba som arbeidsleiar dei siste åra. Dei har begge bidratt med stor arbeidsinnsats og stå-på-vilje i disse 20 åra.
Ramunas Karanauskas har vært tilsett som industrimekanikar på maskinavdelinga i 15 år. I 2020 vart han assisterande arbeidsleiar, og to år seinare arbeidsleiar ved avdelinga. I tillegg har Ramunas stilling som brannvernsleiar i industrivernet. Han er aktiv og har et stort engasjement for Myklebust.
Tor Inge Nordmo vart også tilsett hjå Myklebust for 15 år sidan og har som prosjektleiar gjennom mange år levert mange flotte prosjekt. Han har høg kompetanse og kan mykje om skipssystem. Tor Inge jobbar i dag som QA- og oppstartsleiar.
I 2007 starta også Dennis Hansen og Silvia Belelli på verftet. Dennis, som både er omgjengeleg og fagleg dyktig, er i dag arbeidsleiar på utrustning. I tillegg sit han for tida som ansattrepresentant i styret for Myklebust Verft og er også medlem i det lokale FLT-styret.
Silvia er vår eigen gledesspredar frå Milano. For 15 år sidan begynte hun som lagermedarbeidar og vart deretter i 2012 tilsett som innkjøpsassistent. Silvia er både pliktoppfyllande og effektiv i sitt arbeide.