Arbeidsleiar overflatebehandling/service

Hovudoppgåver og ansvar:

Som arbeidsleiar overflatebehandling/service er du ansvarleg for at måling og felles serviceoppgåver for produksjonen vert gjennomført på ein mest mogleg effektiv måte. Stillinga inneber produksjonsansvar, samt oppfylging av underleverandørar. Du vil arbeide i nært samarbeid med dei andre fagavdelingane ved verftet. Arbeidsleiar deltek i prosjektgruppa på det enkelte prosjekt han har ansvar i.

 

Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Ønska kvalifikasjonar er fagbrev og solid bakgrunn og erfaring frå overflatebehandling. Du har gjerne FROSIO-/NICE-sertifikat, teknisk fagskule eller anna relevant teknisk utdanning. Kunnskap om stillasbygging er eit ønskje. Det er ein fordel om du også kommuniserer godt på engelsk. Du må ha evne til å arbeide systematisk og resultatorientert. Ha stor arbeidskapasitet og motivasjon til å stå på i periodar. Du må trivest med å arbeide saman med og følgje opp andre.

 

Myklebust Verft tilbyr:

  • Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Godt arbeidsmiljø

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

Arbeidsstad er Myklebust Verft i Gursken
100% stilling

 

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med:
Produksjonssjef, Erlend Sætre, tlf. 48070198
Avdelingsleiar, Vidar Sandnes, tlf. 91888286

 

Søknadsfrist 05. november 2023
Send søknad og CV til myklebust.hr@myklebustverft.no

Therese Myrene Aurvåg