18 under 25
Fredag 21. februar er det 18 tilsette under 25 år på Myklebust.
Fredag 21. februar er det 18 tilsette under 25 år i sving på Myklebust Verft. Dei aller fleste er i faste kontraktar, medan nokre nyttar vinterferien til å jobbe på verftet. Om vi summerer opp den yngre garde så har vi tre lærlingar på avdelingane maskin og rør. Frå Tussa-IKT har vi fast ein IKT-lærling. To av dei er TAF-elevar som vekslar mellom to dagar i veka på verftet og tre dagar i veka ved Ulstein vidaregåande skule. I vinterferien arbeider desse fulltid som ein del av TAF-opplegget. Vi fann også relevante oppgåver til to som har vinterferie frå byggfag-linja. Tre av våre tilsette studerer ved Teknisk fagskule i Ålesund. Desse nyttar fridagar og feriar til å fylle på studiebudsjettet. Og, sjølvsagt er dei fagarbeidarar i botnen og går rett inn i vår produksjon. Til slutt nemner vi dei sju faste fagarbeidarane i gruppa på dei 18 under 25 år.
Det er veldig kjekt med dei unge med på laget og vegen inn i framtida, seier HR- og organisasjonssjef Ida Bigset Storaker. Dei unge sit med mykje ny kunnskap og spennande innspel som passar godt i kombinasjon med dei andre tilsette med meir erfaring hos oss.
God tilgang på oppdrag gjer at vi har ekstra mulegheiter til å jobbe aktivt med framtidas arbeidstakarar.
Ida Bigset Storaker
HR- og organisasjonssjef