Gratulerer!
Vi gratulerer Hareid Group med rundinga av 70-års verksemd i inn- og utland!
Hareid Group er utvilsamt eitt av flagg-skipa i den maritime klynga på søre Sunnmøre og har vist ei enormt positiv utvikling i si verksemd opp gjennom historia. Her på Myklebust har Hareid Group både vore som eigar og ikkje minst som installatør og samarbeidspartnar på dei fleste prosjekt som har blitt utført ved vårt verft i Gursken. Hareid Group har også fast base her hos oss - og dagleg har vi eit nært og godt samarbeid om å løyse oppdraga på beste måte overfor våre kundar.
Takkar også hjerteleg for nydeleg kake som vart servert til alle våre tilsette i dag.
Vi ønskjer lykke til med markeringa av jubileet og ser fram til å løyse nye oppdrag i lag i framtida.
Med helsing,
Inge-Jonny Hide, dagleg leiar