Brennestart på bygg nr. 78
Laurdag 01. mai kunne leiar for skrogbygging i Myklebust starte brenninga av dei første stålplatene til det som skal bli skroget til bygg 78. Dette er det fjerde skroget som Myklebust har under bygging hos Hat-San i Tyrkia og blir deira bygg nr. 20.
Designet er basert på Kongsberg NVC 390 LFC og er noko større enn dei tre føregåande skroga som alle skal bli nye brønnbåtar i Sølvtrans sin flåte. Lastekapasiteten er auka frå 4000 til 5000 kubikkmeter. Levering av ferdig fartøy er avtalt til fjerde kvartal 2022.