Stort, grønt oppdrag for Hurtigruten
Gjennom ein konsortiumsavtale skal Myklebust og Kongsberg utføre eit stort miljøoppdrag for Hurtigruten Norge.
Hurtigruten Norge skal bygge om skipa Nordlys, Kong Harald og Richard With som ein del av planane om å kutte CO2-utsleppa langs Norskekysten med minst 25 prosent. Myklebust har no inngått kontrakt på første av dei tre skipa – Richard With - og oppdraget vil skje vinteren/våren 2022.
- Dette er ein gledens dag for Myklebust og alle våre samarbeidspartnarar og oppdraget sikrar god aktivitet også innan ettermarknadsdelen av verksemda vår. Det er svært gledeleg og viktig at vi lykkast i lag med eit solid teknologimiljø som Kongsberg Maritime. Over 30 000 seglande fartøy har deira løysingar om bord. I skrivande stund har vi som kjent også fire fartøy under bygging basert på Kongsberg design.
Stor takk til salsjef ettermarknad Åge Sandvik som i to-spann med Geir Oscar Løseth frå Kongsberg har lykkast med å hale Hurtigrute-kontrakten i land.
Les meir om kontrakten, samarbeidet med Kongsberg og oppdraget for Hurtigruten i felles pressemelding med Kongsberg her: Pressemelding