Dokking nr. 150 i nye-dokka
Onsdag 06. mai 2020 vart dokking nr. 150 utført i nye-dokka. Dette vart markert med kake etter at «Rem Arctic» stod trygt plassert på putene og var på veg opp av vatnet.
Dokkmannskapet, framme: Joakim Breivik, Remi André Hauge og Ole Roger Sætre. Andre rekke: Karl Johan Lillebø og Marita Myrvågnes. Bakerst: Håvard Gurskevik, Stig Hareide, Terje Knotten, Torstein Tjervåg Drage, Kjell Arne Strømsnes og Harald Riise.
Dokkansvarleg Ole Roger Sætre, reiar/styreleiar Aage Remøy i Rem Maritime og tidlegare dokkansvarleg Arne Sævik. På bruvingen om bord i Rem Arctic skimtar vi skipper Jan Inge Lillebø og mannskapssjef Dina Mari Remøy. (Merk: Aage Remøy er også inne på eigarsida på Myklebust Verft gjennom sin eigardel i selskapet Inyard Invest).
Det vart ein fin kveld der også reiar Aage Remøy vitja dokk-gjengen og følgde inndokkinga av fartøyet som reiarlaget tok over same dag. Her møtte han også gamle dokk-sjefen vår, Arne Sævik, som var den som leia inndokkinga då same fartøyet var innom dokka rett før det vart levert frå Kleven Verft i 2015, nettopp til Aage Remøy og reiarlaget hans. Aage og Arne var innom mange gode historier heilt tilbake til slutten av på 70-talet då Aage og brørne hans var her med båt på verkstad for første gong.
Utdrag frå slipp-loggen då første Jan Mayen var “slippa”.
Utdrag frå boka «Frå kjellarverkstad til skipsverft» av Bjarne Rabben.
Nokre merkedatoar og tal:
16.06.2012
Ankomst ny dokk. Vart kjøpt i St. Petersburg i Russland, slept til Polen der ho mellom anna vart måla og stelt før ho kom til verftet sommaren 2012.
29.08.2012
Første dokkingsoppdraget i ny dokk var fartøyet KV Sortland, eit kystvaktfartøy levert frå verftet som bygg nr. 52 i 2010.
21.12.2012
Gamle-dokka vart seld og forlet MVE.
14.05.2015
Inndokking Rem Arctic. Dette var Arne Sævik si siste dokking før han overlet ansvaret til Ole Roger Sætre. Dokking nr. 50 i nye-dokka.
Her halar skipper Lillebø kake om bord til mannskapet.