Brennestart på bygg nr. 76
I går var det brennestart på vårt bygg nr. 76 til Sølvtrans ved Hat-San, Tyrkia. Skroget skal vere ferdig om eit års tid og ferdig fartøy skal leverast hausten 2021.
Bygg nr. 76 er søsterskip til bygg nr. 75, der skroget no er i full produksjon.
Også i Tyrkia er det strenge karantenetiltak for tida og produksjonen ved verftet er noko redusert i ein periode. Likevel er der positive utsikter til at dette vil ta seg opp igjen i løpet av våren.