Søkjer EU-midlar til utvikling av verftet

horizon-2020.jpg

I lag med fleire norske og internasjonale aktørar søkjer Myklebust Verft EU-støtte under programmet «MG-3-7-2020 Improved Production and Maintenance Processes in Shipyards». Mellom dei norske deltakarane finn vi både SINTEF, Offshore Simulator Centre (OSC) i Ålesund og Smeco AS. Hexagon er også partner gjennom sitt tyske datterselskap. 
Ramma på søknaden er 15 millionar euro.

- Vi synst det er svært positivt at EU set av midlar retta inn mot små og mellomstore verft, der målet er å ta opp kampen mot lekkasjen som skjer til Asia, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide. Stor takk til teknisk sjef Frode Holm og prosjektsjef Tor Inge Nordmo som har jobba med søknaden frå vår side. Eit svært omfattande arbeid som har pågått sidan desember 2019. 

- Prosjektet handlar om å ta i bruk digital teknologi for best muleg styring av verftet sine mange operasjonar, fortel Frode. I første omgang handlar det no om å få godkjent søknaden. Deretter blir det spennande å sjå om vi kjem gjennom nålauget. Avgjerd er venta mot slutten av året og ved positiv handsaming startar eit prosjekt som vil gå over tre år. – Vi har likevel allereie lært mykje gjennom den jobben som har vore lagt ned i samband med søknaden, seier Frode.

Stor takk til Per Ingeberg i Smeco AS som har vore Myklebust Verft sin rådgjevar.