Myklebust med trippel til Sølvtrans

Farty nummer tre med design basert på Kongsberg NVC 389 til Sølvtrans.

Farty nummer tre med design basert på Kongsberg NVC 389 til Sølvtrans.

Myklebust Verft i Sande har inngått ny brønnbåtkontrakt med Sølvtrans Rederi i Ålesund.

Fartøyet blir det tredje i ein serie basert på Kongsberg NVC 389 design som Sølvtrans frå før har to av i ordre ved verftet. Lastekapasiteten er på 4000 m³. Også dette skroget skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San. Levering av det som blir bygg nr. 77 frå Myklebust Verft er kontraktsfesta til april 2022.

- For å kunne møte etterspørselen etter brønnbåttenester både nasjonalt og internasjonalt, så har Sølvtrans valt å kontrahere nok ein brønnbåt ved Myklebust Verft. Vi opplever stor etterspørsel etter våre brønnbåtar i denne klassa. Som selskap er vi alltid opptatt av å kunne tilby det ypparste av kvalitet både når det gjeld båtar og fiskehandtering. I tillegg er det viktig å kunne bidra til lokal verdiskaping og arbeidsplassar. Med denne kontrakten oppnår vi dette, seier Roger Halsebakk.

- For ei veke sidan tok vi imot tre nye lærlingar og det er ei ekstra glede å kunne fortelje dei om denne kontrakten som sikrar spennande arbeidsoppgåver i deira læretid, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide. For tida er sju av 142 tilsette lærlingar og TAF-elevar. Når Sølvtrans vel å bygge lokalt er dei også med på å legge grunnlag for neste generasjon av stolte skipsbyggarar.

For meir informasjon, ta kontakt med;
Inge-Jonny Hide, dagleg leiar i Myklebust Verft AS, mobil 911 99 579
Roger Halsebakk, reiar og CEO i Sølvtrans Rederi AS, mobil 908 63 289