Michal ny fagarbeidar

Michal Latosinski og Daniel Moltumyr.

Michal Latosinski og Daniel Moltumyr.

Fredag 4. september gjekk Michal Latosinski opp til fagprøve i logistikkfaget. For å få det har han fem års relevant praksis og gjennomført teorieksamen.

Michal kjem frå Polen og har funne seg godt til rette i Norge og Volda, der han bur saman med kona og sonen sin.

Hos oss arbeider Michal på drifta av lageret, med særleg ansvar for bestilling av varer og forbruksmateriell. Han har vore sentral i utviklinga av nytt eigendel- og verktøysystem på Myklebust.

Ofte er det lageret som har første kontakt med mannskapet på båtane. Han likar godt å hjelpe folk og skaffe det som dei treng. Michal set pris på dei varierte arbeidsoppgåvene og er også involvert i alle operasjonar ved plukklageret - og ved behov arbeider han i «verktøybuda».

Helse, miljø og sikkerheit er ein viktig del av jobben - der han har ansvar for oppdatering og vedlikehald av «Sikkerhetsdatablad».

Michal trivest veldig godt på Myklebust. Det sosiale er viktig og han gler seg til å gå på jobb og gjere sitt for at arbeidet med prosjekta går godt.

Michal er stolt over å ha bestått fagprøva.
Vi gratulerer!