Myklebust satsar på opplæring

Frå venstre: Håvard Gurskevik (lærlingkoordinator), Leonard Mwamba, Sander Iversen, Thomas Frekøy Skeide, Joakim Andreas Hofseth Hatløy og Mateo Souto.

Frå venstre: Håvard Gurskevik (lærlingkoordinator), Leonard Mwamba, Sander Iversen, Thomas Frekøy Skeide, Joakim Andreas Hofseth Hatløy og Mateo Souto.

Tysdag 20. august kunne vi ønskje velkomen to nye TAF-elevar til Myklebust. Dei skal fyrst ha ei opplæringsperiode på Herøy vidaregåande skule, før dei startar fast måndagar og tysdagar hos oss frå midten av oktober.

I tillegg har vi teikna tre nye lærekontraktar. Thomas Frekøy Skeide har tidlegare teke fagbrev som industrimekanikar, og skal no det neste året også ta fagbrev som industrirørleggar. Leonard Mwamba og Sander Iversen er nye lærlingar ved Myklebust, og startar begge på 2 års læretid som industrimekanikarar.

Verftet har hatt opp til 16 lærlingar samstundes. Siste åra har det vore vanskeleg å ta inn nye lærlingar og med dei fem som fekk fagbrev no i vår så hadde vi ikkje fleire lærlingar. Positiv utvikling siste tida og ikkje minst med nybyggingskontrakt for Sølvtrans så kan vi igjen tilby gode læreplassar for framtidige skipsbyggarar.

Vi håpar dei vil få ei god læretid og ønsker dei velkomne.

 

DagleglivGuest User2019