Det er viktig å vere klar om uhellet skulle vere ute
Det er viktig å være klar dersom uhellet først skulle vere ute. Siste onsdagen i august blei det gjennomført øving for sanitets- og brannmannskapa våre. Dette var ei god øving og det var betryggande å sjå korleis dei einskilde løyste oppgåvene sine. Sanitetsmannskapet blei leia av Janne og Brannmannskapet blei leia av Ramunas.
Sjølve scenarioet var ei hending med brann/eksplosjon med påfølgjande personskader. Totalinntrykket frå øvinga var at alle leverte på ein god og trygg måte og der alle eventualitetar blei godt ivaretatt.
I etterkant blei alle samla i felleskap for ei evaluering av gjennomføringa. Ordet var fritt og inntrykket var at alle kom styrka ut med god læring for det vidare arbeidet for å ivareta alle si sikkerheit her på Myklebust Verft.
Til sist er det verdt å merke seg at denne noble og viktige rolla som industrivernet har stadig treng nye ressursar. Tilsette som ønskjer å vere med tek kontakt med HMS- og kvalitetsleiar Torben Sandvik