Ny offshore-kontrakt for Myklebust Verft
Myklebust Verft og Rem Offshore har gjort avtale om bygging av eit IMR-fartøy (Inspection, Maintenance and Repair). Ein slik avtale har mange positive sider ved seg og gir mellom anna lenger ordrehorisont og kontinuitet for verftet. Dette er også historisk den største enkeltkontrakta for Myklebust Verft som vil skape betydeleg aktivitet og ringverknadar i næringslivet regionalt og nasjonalt.
Det nye skipet har eit tilpassa design basert på Skipsteknisk sitt ST-245 design, som verftet allereie har under bygging for Rem Offshore. Skipet vil vidare bli utrusta med stor hangar for avanserte djupvassoperasjonar gjennom moonpol. I tillegg vil skipet mellom anna være utstyrt med ei 250 tonns kran og Dual-Fuel Methanol-motorar i kombinasjon med batteripakkar. Skipet skal leverast i andre kvartal 2027.
Erfaring og samarbeid
Leiv Sindre Muren, CEO ved Myklebust Verft, trekker fram verftets kompetanse og det tette samarbeidet med den maritime klynga på Nordvestlandet som sentrale suksessfaktorar for eit slik prosjekt:
Vi setter stor pris på tilliten frå Rem Offshore og gleder oss til å kunne levere nok eit avansert skip til reiarlaget. Dette prosjektet dreg nytte av vår erfaring med bygging og konvertering av denne type tonnasje og involvera i tillegg til eigen kompetanse, ei rekkje dyktige leverandørar i nærområdet. Godt samarbeid med involverte aktørar er avgjerande for å lykkast med dette prosjektet.
Gjennom ein langsiktig avtale mellom Rem Offshore og DeepOcean er skipet sikra oppdrag som inkluderer ein åtteårig vedlikehaldsavtale med Equinor.
Det er gledeleg for oss å nok ein gong kontrahere med Myklebust. Verftet er godt i gang med bygging av første skip, og vi har tillit til at verftet vil levere høg standard og god kvalitet på eit viktig prosjekt som dette, seier Lars Conradi Andersen, CEO i Rem Offshore.
Det står igjen enkelte detaljar før avtalen mellom verftet og reiarlaget er effektiv, ein avtale som mellom anna inkluderer opsjon på ytterlegare eit skip.
Kontaktinformasjon:
Myklebust Verft:
Leiv Sindre Muren, CEO Myklebust Verft, +47 992 55 412 / lesi@myklebustverft.no
Rem Offshore:
Lars Conradi Andersen, CEO Rem Offshore, +47 977 12 412 / lars@remoffshore.no