Skroget til B75 på veg til Myklebust

I morgontimane i dag forlet skroget til B75 det tyrkiske skrogverftet Hat-San. Slepetida til Gursken er estimert til å ta om lag 25 døgn – sjølvsagt avhengig av vértilhøva.

 
ronja-vest.jpg

Vi takkar Tor Inge og inspektør-teamet vårt i Tyrkia for den store innsatsen som er lagt ned i samband med skrogbygginga.

Vi har reist til eit nytt land, eit nytt skrogverft og i tillegg har vi hatt koronasituasjon. Dette i sum har gjort arbeidet ekstra krevjande.

Men, no har vi endeleg nådd denne viktige milepålen og ser fram til å starte med utrustningsarbeidet på den første i ein større serie med brønnbåtar til Sølvtrans.

Gratulerer med dagen alle!

Med helsing Inge-Jonny